måndag 10. august 2009

LO sine marionetter


Det fyrste som møtte mine øyrer i dag var, utanom den horrible vekkjarklokka på mobilen, Nrk sine sjokkerande nyhende om at LO har kosta regjeringa 10 milliardar. På grunn av LO sitt nære samarbeid med den raudgrøne regjeringa, så har regjeringa måtte punge ut til det beste for arbeidarane. LO kan nok ein gong hengja fleire sigrar på julatreet, noko dei forsåvidt har gjort i over eitthundre år no.

Men det er klart at ikkje alle kan ha fått med seg dette historiske samarbeidet mellom Arbeiderpartiet/venstresida og fagforeiningane. Erna Solberg står fram som eit glimrande eksempel og gjer det temmeleg enkelt for meg å slenge hennar kritikk right back at her. Ho meinar det er problematisk at LO og regjeringa samarbeidar så tett, og at arbeidarrørsla styrar regjeringa som ei marionette så dei viktige sakene må vika for AFP, større framtidsretta satsing på lærlingar, unngå sosial dumping, la arbeidsgjevarane sleppa å betala meir ved sjukefråver og satsing på 6-timarsdagen. Det er klart at Solberg kanskje ser skattelette som ei viktigare sak enn at lærlingar skal få ein lærlingplass når dei skal ut i lære. Derfor finn eg dette sitatet av Erna merkverdig:

«Hvis folk hadde vært klar over at man bruker 1 millard kroner på skattelettelser til fagforeningsorganiserte, tror jeg de ville stille spørsmål om det er riktig prioritering.»

Her får du skattelettelse for normale slitarar i tillegg til at fagforeininga sikrar deg den lønna og dei rettane du har som arbeidar. Eg vil tru at det går ann å definera det som gode og viktige saker som LO har klart å arbeida fram saman med regjeringa. Til og med høgresida kan vel vera einige der?

Eg må òg stussa litt over at Høgre går så hardt ut mot dei raudgrøne og LO, eg vil vel kalla det å kasta stein i glashus for å bruka eit godt norsk uttrykk. For Høgre har vel alltid hatt eit rimeleg godt forhold til NHO og andre arbeidsgjevarorganisasjonar opp gjennom tida, og er vel kjend som partiet for kvittsnippar og dei med litt ekstra i lommeboka. Då kan ein vel seie at Høgre er i lomma på dei rike, og gjer alt til rettes for at dei som sit på toppen i samfunnet og har det best skal få det enda betre og ikkje bidra til samfunnet og arbeidarane som tross alt har jobba for dei og gjort dei rike?

Poenget er i alle fall at LO er ein viktig aktør i norsk politikk og fremmar saker for vanlege folk i arbeidslivet. Dei sakene som LO pressar gjennom gagnar dei aller fleste. LO og fagforeiningar har skapt velferdsstaten og sosialsystemet vårt som er eit av dei beste i verda. Arbeidsforeininga kom inn på Stortinget via å stifta Arbeiderpartiet. Arbeidarane trong, og treng framleis, ei røyst som kan kjempa deira rettar fram og skapa eit betre samfunn.

Så kjære Erna, er det underlegt at regjeringa utfører mykje LO sine ynskjer når det gagnar flest vanlege menneske og gjer kvardagen til arbeidarar lettare? Det er ei av dei viktigaste sakene i samfunnet som gjer ufatteleg store ringverknadar.

Men det er klart; me har sjølvsagt mykje andre viktige saker å ta tak i ute i det norske samfunnet, så det er berre å ta hanskane fatt! Heile folket i arbeid!

1 kommentar: