søndag 26. juli 2009

Kan nokon bistå med litt bistandinfo?


Kapteinen, motorpassaren og guiden stod oppe på brua og diskuterte norsk politikk. Samtalen gjekk frå miljøvennleg energi via frynsegodene og sløsinga til stortingsrepresentantar, til norsk bistand til u-land. Dei klødde seg litt i hovudet og lurte på kva som eigentleg var vitsen med bistanden; den ser jo ikkje ut til å hjelpa dei som skal ha han.

- Den går jo rett i lomma på de som er styrtrike fra før av, hjelper ikke de fattige som treng'rn, uttala kapteinen.
- Nei, det er jo ingen som veit kor han vert av eller kva den hjelper til, samtykka motorpassaren.
- Eg trur den der bistanden er berre tull, dei gjer det på feil måte, seier den naive guiden.

Så spørsmålet er jo kor i all verda bistandspengane vert av, dei vert ikkje brukt til å byggja infrastruktur og skular i vert fall. Vegane, jernbanane og liknande er jo frå kolonitida, omtrent ingenting er bygd i ettertid. Nesten all infrastruktur tener framleis den vestlege verda; frå råvarene til fabrikkane, til butikken og til kapitalistiane si lommebok.

Eit godt bevis på manglande oversikt over bistandspenane er jo den haltande rapporten til Norad. "Nei, vi veit no ikkje heilt kva som skjer, men me antek at den fungerar".

Ein kan senda ned traktorar, men det fungerar fint lite om dei går tom for motorolje og diesel. Då spenner dei oksen foran igjen og drar lika godt heile traktoren med plogen bak. Ein kan visa dei korleis ein sår korn og senda haugavis med frø ned der, men ein kjem ikkje lengre enn fyrsta året om ein ikkje lærer dei å dyrka bærekraftig i lengre tid.

Eg ser for meg ei betydeleg betre løysing på bistand enn det som vert praktisert i dag. Kva med å senda ned proskjektgrupper til u-landa, sysselsetja arbeidarar der nede og til dømes byggja sjukehus og skular. Etterpå kan ein ansetta og gje opplæring til folket der nede på ymse institusjonar. Byggja nytt jernbanenett og oppgradera bussar, alt inkludert opplæring. Stikkordet her er opplæring. Opplysing og kunnskap er tingen, om folket der nede må gå den lange vegen med omtrent å finna opp alt på nytt så må det gjerast for å gje dei forståing og kunnskap nok til å stå på eigne bein. Å senda eit par millionar rett i henda på styresmaktene er som å gje ein unge 500 kr og be han om å kjøpa ei historiebok og ikkje godteri.

Kunnskap er makt, og det er kunnskap og utdanning dei treng der nede. Eg er sikkert på at Noreg kunne brukt bistandspengane på ein meir fornuftig måte enn kva dei gjer no. Det eineste ein veit om bistanden no er kor mykje me sender ut av landet. Om nokon set på meir opplysningar er me tre stykk som gjerne skulle visst meir, for akkurat no er me av den oppfatning at bistandspengane går seg vill i Sahara-ørkenen.

Snufs, snufs

Uff, eg var så snufsen då eg vakna i morges. Kjende eg var tett frå naso og opp i skolten. Forferdeleg keisamt. Eg byrjar vel ikkje å bli sjuke? Det hadde vore utruleg dårleg timing. Det hadde vore toppen av alt, å bli sjuk når eg skal på fri. Men tenk om eg faktisk har fått ein alvorleg sjukdom... Å nei, tenk om eg har fått svineinfluensa!

Det kan ikkje vera mogleg, eg kan ikkje få den, eg kan ikkje døy no! Eg er jo altfor ung, eg har så mykje igjen å leva for. Tenk på alt eg ikkje får oppleva; hoppa i fallskjerm, gå på universitet, segla med Statsraad Lehmkuul, eg har ikkje eingong vore utforbi Europa! Dette er enden. Eg kjenner det svartar. Og har eg ikkje vondt i magen òg? Jo, faktisk veldig vondt. Det kan jo berre vera hamburgaren eg åt tidlegare. Men den burgaren var jo laga på kebaben i Rosendal, ikkje den mest innbydande plassen å eta på. Og han som eig sjappa er jo frå utlandet. Antakeleg midtausten. Han er sikkert terrorist og har smitta meg med svineinfluensa gjennom burgeren!

Korleis skal dette gå? Eg er fanga på ein båt som nett no befinn seg i Vatlestraumen, ikkje sjangs å gå til lege på lenge. Og ikkje gjekk eg på den om fugleinfluensa for eit par år sidan, så tamifluid har eg gløymd å hamstra. Det er jo så mange som har vorte smitta i Noreg no at det er sikkert ikkje noko igjen til meg. Og eg las i ei avis i dag at det var ei svensk gravid dama som held på å døy av svineinfluensa i dag enno ho låg på sjukehus. Det finns ikkje håp for meg! Dette vert mine siste ord eg skriv, den siste dokumentasjonen om mi tankeverksemd, min eksistens. Og eg som ikkje har skriven testamente ein gong. Ikkje kan eg verta donor heller sidan eg har eit frykteleg virus i meg. Eg skulle jo gjera verda til ein betre stad, gleda folk med mi felespeling, undervisa folk i historie og musikk, hjelpa gamle damer over gata, lesa ferdig "Hitchikers guide to the Galaxy". Dette var ikkje bra, ikkje bra i det heile tatt...

Kjære Gud; viss du eksistere så beklage eg alt dritet eg har snakka om deg i løpet av livet mitt, det var ikkje med vilja, eg var villråden og visste ikkje betre. Kan du tilgje meg for alt vondt eg har gjort mot andre? Eg ber om tilgjevnad! Ta meg til deg, eg kan sjå dine englar i lyset framfor meg. Og kunne eg fått ei øl når eg ankommer Himmelen AS?

Nei, no vart eg plutseleg ikkje så dårleg i magen. Nasa løsna litt òg. Kanskje det berre var pollenallergi og litt mykje kaffidrikking? Og han karen som driv kebaben i Rosendal er jo ein koseleg kar, han ville aldri dreve med terror, han er altfor snill til det. Nei, det var nok berre mediahysteriet som løpte løpsk med meg.

Eg trur det er på sin plass å feira med ein røyk at eg kjem til å leva litt lengre.

laurdag 25. juli 2009

Ulykker skjer i Tide og utide

Tide Sjø har ikkje hatt det heilt enkelt i det siste. Dei har hatt eit par uheldige hendingar. Det vil sei, dei har vel hatt litt i overkant mange uheldige hendingar. Flaks for selskapet at det ikkje er alkohol inni biletet sånn som ein del gonger før. Men artig er det no å jobba i eit konkurrerande rederi og mora seg over Tide sine flauser. Eit lite knippe:

Det starta oppe på Sunnmøre, der MF Kvam fant det for godt å anløpa på den normale måten: MF Kvam

I same fylke møtte MF Tidesund ein som ikkje ville "vike for nyttefarty", nærare bestemt ein seglbåt som ville ta opp kampen mot ferja: MF Tidesund

Enda fleire som ikkje likar vikeplikt: denne veka i næraste område var MF Hordaland litt uheldig og kjørte over ein fritidsbåt: MF Hordaland

Og for å innkludera austlandet òg, så krasja likså godt passasjerferja Smørbukk i ferjekaien. Dei skal ha for å styra unna og dermed spara ferjelemmen: Smørbukk


Ei ulykka kjem sjeldan åleine heiter det, og eg tippar at det nok er det Tide har komen utfor her. Eller kanskje det er dårleg karma som slår ut fordi dei ikkje har eit tilstrekkeleg tilfredstillande kollektivtilbod?

fredag 24. juli 2009

EU=faenskap


No er det nok! No er det veldig nok av EU og deira underorganisasjonar. No har det rett og slett balla på seg, og no har våre kjære naboar Island nettopp overlevert EU-søknaden sin i Stockholm. Stakkars folk... Eg er no mektig lei av at dei kvitsnippane nede i Europa skal sitja der og bestemma over livet til alle i Europa, at deira reglar skal gjelda alt og alle, at fornuftige, nasjonale reglar må vika for deira higer etter kontroll over folk og økonomi. EU er ein trussel for demokratiet, ytringsfridommen og menneskerettane - no er det på tide at folk får augo opp!

Eg kom akkurat over ei facebookgruppa mot det nye datalagringsdirektivet til EU, og du kan sei at det var "dråpen som velta glasset". I følgje det nye direktivet vil alle teleoperatørar vera plikta til å lagra all informasjon om sine kundar; korti folk ringer, kven folk ringer til, kor tid folk ringer og kvar folk ringer til. I tillegg får dei oversikt over all e-post og besøk på nettsider etc. Ein vert behandla som ein kriminell, overvåka med ørneblikk. Overvåkningssamfunnet á la "1984" er på frammarsj. Og det verste er at dette har gått oss hus forbi. Ingen roper om privatlivets rett, få er klar over at dette fenomenet vert innført i landet i det heile tatt. Skremmande.

Vidare så "arresterar" overvåkningsorganet til EFTA, ESA, Noreg for å tvinga firma som får offentlege oppdrag til å betala tarifflønn. Det vil sei at EU vil at Noreg skal konkurranseutsetja alt i hopa og konkurrera med europeiske prisar. Konsekvensane for norske firma og arbeidarar er at dei får betydeleg lavare lønn, ei lønn som ikkje stemmer overeins med prisnivået i Noreg. Men alle veit jo at EU er eit kapitalistisk system som bryr seg fint lite om sånt, her er det frihandel som tel. Billegare løysingar går utover kvalitet og sikring. Denne garantien for folk som jobbar for det offentlege, enten det er norske eller utenlandske firma, er ei viktig forskrift frå den raudgrønne regjeringa som bidrar til å hindra sosial dumping. Og no prøver EU i form av ESA å bli kvitt denne forskifta, rett og slett fordi den passar ikkje så godt saman med ideologien deira.

Og så har me sjølvsagt tenestedirektivet som fører til sosial dumping og faenskap (har jo mykje samband med overståande sak). EU sluttar ikkje å halda sitt kvelartak rundt Noreg, tvert i mot så ser dei ut til å stramma det. Kall meg paranoid, men EU-leiarane higrar etter å få tak i Noreg av mange grunnar. For dei som meinar eg overreagerar og snakkar tull, så vil eg gjerne at dykk skal gjere ein ting fyrst:
  1. Sjå filmen "V for vendetta", ein utruleg god film om ikkje anna.
  2. Så analyserer du det politiske innhaldet i filmen; kven, kva, kvifor?
  3. Deretter reflekterar du litt over dette her og set inn EU og EUs politikk inn i hypotesen.
  4. No skulle du kome fram til at EU er ein fæl ting. Viss du mot formodning ikkje har komen til den konklusjonen må du ha gjort noko galt.
Eg ser i alle fall linken, og den skremmer meg. Personleg ser eg fram til Tsjaikovskij sin "1812-ouvertyre" og fallet til EU. Norway provailes?

torsdag 23. juli 2009

I'm hating it

Når ein jobbar 12 timar dagen og kjem heim trøytt og jævling, er ein lite lysten på å stå på kjøkkenet og laga mat. Ikkje har ein hatt tid til å handla inn skikkeleg mat i løpet av dagen heller. Derfor vert det ofte enkle løysingar som pizza og anna fast food. Fast food er blitt noko som folk til stadig et, over heile verda. Og me et stadig meir av denne usunne, syntetiske maten. Og me vert stadig feitare fordi me et mykje usunt. Og antakeleg fordi me er litt meir late enn tidlegare generasjonar. Men er det heile sanninga?

Mange har forskjellege forklaringar på "fedmeproblemet": nokre vil påstå at me har så masse pengar at me fråtser i mat, nokre vil påpeika at me har vorte altfor late og får for lite mosjon, eller eventuelt har me så dårleg tid i dette hektiske samfunnet at me ikkje kan laga skikkeleg mat. Andre igjen vil trekkja fram den stadig veksande fattigdommen i verda og høge matprisar, noko som kan forklara at me tyr til fast food fordi det er det billegaste alternativet. Etter den oppramsinga av moglege årsakar til auka fedme ser ein at dette er eit temmeleg innfløkt og komplisert problem, det handlar ikkje berre om latskap.

Feite folk har forsåvidt alltid eksistert, men som kjend er det vorten ein god del fleire av dei med åra. Spesielt i USA og England vil folk sei, og det ligg nok noko i det. Ein kan definera fedme som eit luksusproblem, at me et og et medan me eser ut. Men eg vil snu synsvinkelen litt; kan dette faktisk vera ein vestleg form for fattigdomsproblem? Viktig å poengtera at dette ikkje kan samanliknast med dei verkeleg fattige i verda. Dei som lever i absolutt fattigdom i u-land svelt i hjel. Men det er eit viktig moment at fast food er billeg mat i forhold til "skikkeleg mat". Sjølv eg som student merkar at matprisane er lovleg høge, noko som fører til at eg vel usunn mat framfor sunn. Og det finns betydeleg fattigare folk enn meg, i særs i England og USA der den fattige delen av folket stadig stig i eit høgt tempo. Dei har ikkje råd til ekte, gode råvarer til å lage mat av og då tyr dei til McDonalds og alle dei andre fast food-kjedene. Denne maten dei sel på BurgerKing, Pizza Hut, KFC etc er masseprodusert usunn, syntetisk mat som verken er bra for kolestorolet, hjarta eller bilringane. No vil eg ikkje påstå at Narvesen og Esso serverar gourmetmat heller, maten her er heller ikkje noko å higra etter (men det gjer ein som oftast etter eit par innabords ein laurdagskveld).

Filmen "Super size me" åleina er fellande bevis for at fast food øydelegg mennesket. Men det ser ikkje ut til å stoppa kapitalistane, dei sel billeg drittmat til svoltne uskuldige og tener rått på at folk ikkje har råd til ekte mat. Folk er jo eigentleg klar over dette, og dei fleste har tid til å laga noko litt meir brukbart til vanleg, og ein skulle jo tru at dei ville foretrukke noko betre framfor den ekle, feite hurtigmaten. Så då set ein att med spørsmålet; har me det for godt og fråtsar, eller er det den snevre lommeboka og kapitalistane som er skuld i fedmen?

Eg håpar då inderleg at det ikkje er fordi at folk elskar fast food sånn som McDonalds påstår. Eg veit i alle fall at eg ikkje gjer det; I'm hating it.

onsdag 22. juli 2009

Den hata, men geniale forfattar


Oppgjeret med 2. verdskrig og nazismen tek aldri slutt. Hendingane i perioden okt. 1939-aug. 1945 har gått djupt inn på kvart einaste menneske, både dei som opplevde det og me som har vorten det fortald i ettertid. Det var ein av dei verste krigane verda nokon gong har sitt. Dei nye, effektive og øydeleggjande våpena drap millionar av menneske. Parallelt med dei fysiske kampane og bombingane, vart 6 mill. jødar drepne av nazistane i perioden, og det på dei mest horible og umenneskelege måtane. Her heime i Noreg sat den prislønna forfattaren Knut Hamsun og forsvarte ideologen til nazistane. Det har sidan 1945 dominert hans rykte.

Det var ikkje lett å ha vore nazisympatisør då oppgjerstimen kom etter frigjeringa. Daudsdommen vart gjenninnført for anleidninga, dei som skulle ha noko å seie i norsk politikk burde vore i motstandsrørsla (aller helst ha vore i ein konsentrasjonsleir i tillegg), og konge og fedreland skulle hyllast og feirast (sjølv om regjeringa Nygaardsvold strengt tatt skulle vore stilt for krigsrett). Hamsun slapp billeg unna, altfor billeg vil mange seie. Han vart funnen "utilregneleg" i gjerningsaugneblinken. Hamsun psykisk utilregneleg? Neppe. Komponisten Christian Sinding kunne kanskje definerast som "utilregneleg", men Hamsun var fullt oppegåande. Det viste han tydeleg i 1949 då han gav ut verket "Paa gjengrodde Stier". Med denne boka viste han nærast fing til "sigerherrane", og forsvarte med boka sin handlemåte under krigen.

Denne vesle, men høgst betydelege pletten på Hamsun sitt renomé, har resultert at seinare generasjonar forbind Hamsun med nazisme. Dette er nokså uheldig, både for familien og litteraturhistoria. Det mange gløymer (eller kanskje ignorerar?) er at Hamsun er ein av dei få norske forfattarane som har fått Nobels litteraturpris (for "Markens grøder" i 1920). Det er berre Bjørnson og Undset av norske forfattarar som har vunne den prestisjetunge prisen. Ibsen vart faktisk berre nominert, og er i godt selskap med Tolstoj, Twain og Strindberg om å ikkje bli tildelt prisen. Når ein ser på kvaliteten i det Hamsun skreiv, så burde han vore rekna som ein av dei fira store (noko Undset godt kunne vore òg, men det får me ta ein annan gong). Dessverre på grunn av sitt engasjement på "feil side" under krigen, vil Hamsun antakeleg aldri få den annerkjenninga han fortener, ikkje ein gong få ei lita gate oppkalla etter seg.

Forfattaren Knut Hamsun som skreiv gode romanar som "Sult" og "Pan", forsvinn i mengda av naziskuldingar og illsinte ytringar av menneske som ikkje klarar å sjå nyansar og ulike sider ved same sak. Trangsynte kallar me ofte sånne. Det er ikkje til å stikke under stol at Hamsun var nazisympatisør, tendensar til dette kan me sjå i det han skriv mangfoldige år før krigen. Men kan folk sjå vekk frå mennesket Hamsun, og heller æra han for at han var ein flink skribent og genial forfattar? Hamsun har lidd nok i desse 60 år, og det er i hovudsak berre ei sida av han som det er blitt fokusert på. No ved jubileet hans er det på tide å sjå kunsten hans, kva han har etterlete til ettertida av kvalitetslitteratur.

Eg vert oppgitt når eg ser artiklar som dette. Å gå ut og skrike og bære seg over at den norske dronninga ærar Hamsun, er lavmål. Dette viser berre kor kort Raoul Wallenberg-stiftinga har kome. Trangsynet lever i beste velgåande. Eg kan forstå at Hamsun ikkje er vidare populær i jødiske kretsar, men sjå forskjellen på mannen og forfattaren, forstå det og godta det. Skiparen av stiftinga, Baruch Tenembaum, reagerar på dronninga og kronprinsessa sine roller under Hamsunfeiringa: "- Jeg skjønner ikke hvordan de våger. Den norske feiringen er i ferd med å bli et symbol for antiholocaust." Dette er å vise dårleg refleksjon og nyansering, og å totalt utelukke all kulturell verdi Hamsun faktisk har. Tenembaum set fast i fortida og bør koma seg framover. Og han bør forstå at sjølv om me heidrar Hamsun som forfattar, så fordømmer me Hamsun som nazist. Me nektar ikkje for holocaust, alle veit (alle utanom David Irving og hans tilhengjarar) at denne grusomme utryddinga har skjedd og dei aller fleste synes det var heilt forferdeleg og utilgjeveleg.

Kan nokon gje Tenembaum ei Hamsun-bok? Sånn at han kan finna andre ting å fordømma i staden for kvalitetsmerka litteratur.

Tilbakesteg i likestillingskampen?

Eg plar aldri sjå nyhendene på Viasat 4, men akkurat no stod kanalen på fordi The Simpsons underheldt meg litt. Eg beit meg forøvreg merke i eit innslag, eit innslag som omhandla bolig. Det var ikkje om berg-og-dalbane-prisane på boligmarknaden, ikkje var det om horrible studentboligar, og ei heller handla innslaget om usikre byggningar i Bergen. Så kva fekk meg til å reagera?

Denne gong var det Huseiernes Landsforbund som gjekk sterkt ut og oppfordra menn til å "-Ikke la kvinner bestemme boligkjøp." Grunngjevinga deira for dette var at kvinner legg meir vekt på interiør og utsjånad enn manglar, som til dømes drenering. Vidare i oppmodinga seier dei at menn må ta kontroll over boligkjøp sidan kvinner ikkje er eigna til dette. Kvar dei har denne påstanden frå er eit stort, usvara spørsmål.

Dette er kva eg vil definera som eit tilbakesteg for likestillingskampen. Å seie at kvinner er uskikka til å kjøpe bolig, er eit tåpeleg utsagn som ikkje har rot i røynda. Mange kvinner er erfarne boligkjøparar som veit kva dei skal sjå etter i ein bolig. Eg trur det er dei færraste kvinner som vel ein bolig utifrå kor flott farge det er på baderomsflisene, eller kor godt kjøkkeninnreidinga er komponert saman. Og eg er temmeleg sikker på at drenering ikkje er det fyrste mannfolk tenkjer på når dei skal kjøpe bolig heller.

Huseiernes Landsforbund har ingen handfaste bevis å leggja i bordet for å underbyggja sine påstandar, antakeleg fordi det dei advarar mot eigentleg ikkje er eit tilfelle. Å fråråde kvinner å kjøpe bolig fordi dei liksom ikkje skal vera godt nok skikka til det, er fordommar og vrangillusjonar som ein skulle tru tilhøyrde førre århundre.

Dette er berre pinleg, HL. Rett og slett pinleg.