søndag 26. juli 2009

Snufs, snufs

Uff, eg var så snufsen då eg vakna i morges. Kjende eg var tett frå naso og opp i skolten. Forferdeleg keisamt. Eg byrjar vel ikkje å bli sjuke? Det hadde vore utruleg dårleg timing. Det hadde vore toppen av alt, å bli sjuk når eg skal på fri. Men tenk om eg faktisk har fått ein alvorleg sjukdom... Å nei, tenk om eg har fått svineinfluensa!

Det kan ikkje vera mogleg, eg kan ikkje få den, eg kan ikkje døy no! Eg er jo altfor ung, eg har så mykje igjen å leva for. Tenk på alt eg ikkje får oppleva; hoppa i fallskjerm, gå på universitet, segla med Statsraad Lehmkuul, eg har ikkje eingong vore utforbi Europa! Dette er enden. Eg kjenner det svartar. Og har eg ikkje vondt i magen òg? Jo, faktisk veldig vondt. Det kan jo berre vera hamburgaren eg åt tidlegare. Men den burgaren var jo laga på kebaben i Rosendal, ikkje den mest innbydande plassen å eta på. Og han som eig sjappa er jo frå utlandet. Antakeleg midtausten. Han er sikkert terrorist og har smitta meg med svineinfluensa gjennom burgeren!

Korleis skal dette gå? Eg er fanga på ein båt som nett no befinn seg i Vatlestraumen, ikkje sjangs å gå til lege på lenge. Og ikkje gjekk eg på den om fugleinfluensa for eit par år sidan, så tamifluid har eg gløymd å hamstra. Det er jo så mange som har vorte smitta i Noreg no at det er sikkert ikkje noko igjen til meg. Og eg las i ei avis i dag at det var ei svensk gravid dama som held på å døy av svineinfluensa i dag enno ho låg på sjukehus. Det finns ikkje håp for meg! Dette vert mine siste ord eg skriv, den siste dokumentasjonen om mi tankeverksemd, min eksistens. Og eg som ikkje har skriven testamente ein gong. Ikkje kan eg verta donor heller sidan eg har eit frykteleg virus i meg. Eg skulle jo gjera verda til ein betre stad, gleda folk med mi felespeling, undervisa folk i historie og musikk, hjelpa gamle damer over gata, lesa ferdig "Hitchikers guide to the Galaxy". Dette var ikkje bra, ikkje bra i det heile tatt...

Kjære Gud; viss du eksistere så beklage eg alt dritet eg har snakka om deg i løpet av livet mitt, det var ikkje med vilja, eg var villråden og visste ikkje betre. Kan du tilgje meg for alt vondt eg har gjort mot andre? Eg ber om tilgjevnad! Ta meg til deg, eg kan sjå dine englar i lyset framfor meg. Og kunne eg fått ei øl når eg ankommer Himmelen AS?

Nei, no vart eg plutseleg ikkje så dårleg i magen. Nasa løsna litt òg. Kanskje det berre var pollenallergi og litt mykje kaffidrikking? Og han karen som driv kebaben i Rosendal er jo ein koseleg kar, han ville aldri dreve med terror, han er altfor snill til det. Nei, det var nok berre mediahysteriet som løpte løpsk med meg.

Eg trur det er på sin plass å feira med ein røyk at eg kjem til å leva litt lengre.

2 kommentarer:

  1. Men Irene då,
    det heiter Tamiflu, ikkje Tamifluid..

    :-))))))))))

    SvarSlett
  2. Beklagar så djupt min opplyste venn for at eg ikkje er 100% stabil i legemiddelnamn. Skal seie deg det at det er betydeleg mange som heiter noko med fluid, det skal då litt til å halda styr på alt i hopa.

    SvarSlett