torsdag 20. august 2009

Slapp'a!

Er det ikkje det eine, så er det det andre. Ved hjelpa av mange "nyttige idioter", til dømes media, har svineinfluensaen fått eit riktig dårleg rykte på seg, og det kan kjennast som om det nesten er unntakstilstand i landet - i alle fall like før. Men no har svineinfluensaen herja litt rundt og var visst ikkje så farleg som fyrst frykta.

Me som tok det heile med slåande ro kan spandera på oss setninga: "Kva var det eg sa?" Det er ikkje over ein mill. nordmenn som har vorte smitta, fantastisk få har daua på verdsbasis, pandemien har føreløbig ikkje slått ut verken offentlege tenestar eller næringslivet, og eg tvilar sterkt på at svineinfluensaen kjem til å råke valet hardt (men klart, i min stille bønn ber eg om at det råkar dei som skal stemma Frp og Høgre...).

Det er likevel ikkje fritt for litt hysteriske tilstandar i media. Vaksinering har vore på dagsorden lenge, men no rykk medisineringa opp eit par plassar og ein kan lesa kor farleg vaksinen kan vera. Aller helst må dei leggja på litt historiske fakta for å underbyggja at det ikkje berre er spekulasjonar, og kva er vel betre enn å skriva om alle som døydde i USA i 1976 pga vaksinen. Elles kan me lesa at ein kan verta lam. Dette er skremmande lesning - i alle fall for enkelte. Eg kan sjå for meg at enkelte som har fått svineinfluensavaksine svettar litt ekstra etter å ha lese dei, kanskje i sær etter å ha lest at vaksinen ikkje ein gong testes før den brukes.

Ein ser lett at alt oppstyret rundt svineinfluensapandemien skapar meget uheldige konsekvensar. Masseprodusering av vaksinar som køyres rett frå fabrikken og ut til småbeskymra menneske utan at dei er tilstrekkeleg testa. Karleggja kven som reagerar på vaksina, kva bieffektar ho eventuelt har, forbetringar etc. må vika for at folk skal få ei, moglegens falsk, sikring mot influensaen.

Det er kanskje lett for meg å sei, som ikkje er spesielt utsatt for å bli skikkeleg sjuk av influensaen, men eg har på ingen måte tenkt å la nokon stikka det der greiene inn i meg. Eg tåler ei influensa, det gjer dei aller fleste, og svineinfluensa er ein mild form for influensa, det høyrer til sjeldanheitene at nokon hamnar i respirator.

Kan folk vennlegst roa'n ned litt, senka skuldrene og venda tilbake til normalpuls; svineinfluensaen er ikkje verdas undergong, skjønnar du. Det ikkje røynda sin versjon av "28 days later".

tysdag 18. august 2009

Kultur er balsam for sjela


Frp er og vert det store samtaleemnet denne valkampen - rett og slett fordi politikken deira ikkje heng på greip. Noko dei er særs dårlege på er kulturpolitikk. Dette har fått folk innan kultursektoren til å mobilisera til kamp.

Arnfinn Bjerkestrand har sett i gang ein aksjon mot Frp. Med seg på laget har han fått mange store, og litt mindre, kulturprofilar som saman kjempar for at Frp aldri må få gjennomføra sin kulturpolitikk. Frp vil kutta nesten ein mrd i kulturstøtta, noko som vil få store konsekvensar for norsk kultur på alle områder.

Dei som vert hardast ramma er avisene. Dagsavisen og Klassekampen er antageleg dei som kanskje må stengja sjappa som resultat. Akkurat det passar vel Frp veldig bra, men det svekker demokratiet og sakleg journalistikk. Dei er viktige aviser som tek opp aktuelle problem i samfunnet - uansett kva side avisa eventuelt held med. Før hadde me Ibsen, no har me frie, statsstøtta aviser.

Det er mogleg Frp ser på kultur som noko som ikkje er så viktig - der tek dei FEIL. Kultur er kanskje ikkje så voldsomt avgjerande for fysisk overleving, men det er, årsak uttrykket, jævla viktig for tilveret og psyken til mennesket. For ikkje å nemna at mykje kultur tek opp viktige spørsmål, altså er kultur og kunst utruleg viktig for politikken og opplysning, og ikkje minst; samfunnsutviklinga.

Norge har ei regjering som forstår dette, ei regjering som har bevilga mykje pengar til å ivareta og utvikla det norske kulturlivet. Det er fantastisk å sjå at så mange store kulturpersonar engasjerar seg mot dette overgrepet mot kulturen som Frp vil gjennomføra. Mange av desse kjendisane kjem til å klara seg godt sjølv om Frp vil kutta mykje statsstøtte til kultur, men dei veit godt kor viktig statsstøtta har vore for dei, deira vener, publikum og alle andre. I motsetning til Frp har dei innsikt, dette burde Frp verkeleg ta inn over seg. Heile det norske folk tener på eit rikt og mangfoldig kulturliv - til og med Frp-arar.


Og for dei som vil følgja Kulturkampen på kloss hald, anbefalar eg å ta ein kikk på nettsidene deira: Kulturkampen

måndag 10. august 2009

LO sine marionetter


Det fyrste som møtte mine øyrer i dag var, utanom den horrible vekkjarklokka på mobilen, Nrk sine sjokkerande nyhende om at LO har kosta regjeringa 10 milliardar. På grunn av LO sitt nære samarbeid med den raudgrøne regjeringa, så har regjeringa måtte punge ut til det beste for arbeidarane. LO kan nok ein gong hengja fleire sigrar på julatreet, noko dei forsåvidt har gjort i over eitthundre år no.

Men det er klart at ikkje alle kan ha fått med seg dette historiske samarbeidet mellom Arbeiderpartiet/venstresida og fagforeiningane. Erna Solberg står fram som eit glimrande eksempel og gjer det temmeleg enkelt for meg å slenge hennar kritikk right back at her. Ho meinar det er problematisk at LO og regjeringa samarbeidar så tett, og at arbeidarrørsla styrar regjeringa som ei marionette så dei viktige sakene må vika for AFP, større framtidsretta satsing på lærlingar, unngå sosial dumping, la arbeidsgjevarane sleppa å betala meir ved sjukefråver og satsing på 6-timarsdagen. Det er klart at Solberg kanskje ser skattelette som ei viktigare sak enn at lærlingar skal få ein lærlingplass når dei skal ut i lære. Derfor finn eg dette sitatet av Erna merkverdig:

«Hvis folk hadde vært klar over at man bruker 1 millard kroner på skattelettelser til fagforeningsorganiserte, tror jeg de ville stille spørsmål om det er riktig prioritering.»

Her får du skattelettelse for normale slitarar i tillegg til at fagforeininga sikrar deg den lønna og dei rettane du har som arbeidar. Eg vil tru at det går ann å definera det som gode og viktige saker som LO har klart å arbeida fram saman med regjeringa. Til og med høgresida kan vel vera einige der?

Eg må òg stussa litt over at Høgre går så hardt ut mot dei raudgrøne og LO, eg vil vel kalla det å kasta stein i glashus for å bruka eit godt norsk uttrykk. For Høgre har vel alltid hatt eit rimeleg godt forhold til NHO og andre arbeidsgjevarorganisasjonar opp gjennom tida, og er vel kjend som partiet for kvittsnippar og dei med litt ekstra i lommeboka. Då kan ein vel seie at Høgre er i lomma på dei rike, og gjer alt til rettes for at dei som sit på toppen i samfunnet og har det best skal få det enda betre og ikkje bidra til samfunnet og arbeidarane som tross alt har jobba for dei og gjort dei rike?

Poenget er i alle fall at LO er ein viktig aktør i norsk politikk og fremmar saker for vanlege folk i arbeidslivet. Dei sakene som LO pressar gjennom gagnar dei aller fleste. LO og fagforeiningar har skapt velferdsstaten og sosialsystemet vårt som er eit av dei beste i verda. Arbeidsforeininga kom inn på Stortinget via å stifta Arbeiderpartiet. Arbeidarane trong, og treng framleis, ei røyst som kan kjempa deira rettar fram og skapa eit betre samfunn.

Så kjære Erna, er det underlegt at regjeringa utfører mykje LO sine ynskjer når det gagnar flest vanlege menneske og gjer kvardagen til arbeidarar lettare? Det er ei av dei viktigaste sakene i samfunnet som gjer ufatteleg store ringverknadar.

Men det er klart; me har sjølvsagt mykje andre viktige saker å ta tak i ute i det norske samfunnet, så det er berre å ta hanskane fatt! Heile folket i arbeid!