torsdag 20. august 2009

Slapp'a!

Er det ikkje det eine, så er det det andre. Ved hjelpa av mange "nyttige idioter", til dømes media, har svineinfluensaen fått eit riktig dårleg rykte på seg, og det kan kjennast som om det nesten er unntakstilstand i landet - i alle fall like før. Men no har svineinfluensaen herja litt rundt og var visst ikkje så farleg som fyrst frykta.

Me som tok det heile med slåande ro kan spandera på oss setninga: "Kva var det eg sa?" Det er ikkje over ein mill. nordmenn som har vorte smitta, fantastisk få har daua på verdsbasis, pandemien har føreløbig ikkje slått ut verken offentlege tenestar eller næringslivet, og eg tvilar sterkt på at svineinfluensaen kjem til å råke valet hardt (men klart, i min stille bønn ber eg om at det råkar dei som skal stemma Frp og Høgre...).

Det er likevel ikkje fritt for litt hysteriske tilstandar i media. Vaksinering har vore på dagsorden lenge, men no rykk medisineringa opp eit par plassar og ein kan lesa kor farleg vaksinen kan vera. Aller helst må dei leggja på litt historiske fakta for å underbyggja at det ikkje berre er spekulasjonar, og kva er vel betre enn å skriva om alle som døydde i USA i 1976 pga vaksinen. Elles kan me lesa at ein kan verta lam. Dette er skremmande lesning - i alle fall for enkelte. Eg kan sjå for meg at enkelte som har fått svineinfluensavaksine svettar litt ekstra etter å ha lese dei, kanskje i sær etter å ha lest at vaksinen ikkje ein gong testes før den brukes.

Ein ser lett at alt oppstyret rundt svineinfluensapandemien skapar meget uheldige konsekvensar. Masseprodusering av vaksinar som køyres rett frå fabrikken og ut til småbeskymra menneske utan at dei er tilstrekkeleg testa. Karleggja kven som reagerar på vaksina, kva bieffektar ho eventuelt har, forbetringar etc. må vika for at folk skal få ei, moglegens falsk, sikring mot influensaen.

Det er kanskje lett for meg å sei, som ikkje er spesielt utsatt for å bli skikkeleg sjuk av influensaen, men eg har på ingen måte tenkt å la nokon stikka det der greiene inn i meg. Eg tåler ei influensa, det gjer dei aller fleste, og svineinfluensa er ein mild form for influensa, det høyrer til sjeldanheitene at nokon hamnar i respirator.

Kan folk vennlegst roa'n ned litt, senka skuldrene og venda tilbake til normalpuls; svineinfluensaen er ikkje verdas undergong, skjønnar du. Det ikkje røynda sin versjon av "28 days later".

tysdag 18. august 2009

Kultur er balsam for sjela


Frp er og vert det store samtaleemnet denne valkampen - rett og slett fordi politikken deira ikkje heng på greip. Noko dei er særs dårlege på er kulturpolitikk. Dette har fått folk innan kultursektoren til å mobilisera til kamp.

Arnfinn Bjerkestrand har sett i gang ein aksjon mot Frp. Med seg på laget har han fått mange store, og litt mindre, kulturprofilar som saman kjempar for at Frp aldri må få gjennomføra sin kulturpolitikk. Frp vil kutta nesten ein mrd i kulturstøtta, noko som vil få store konsekvensar for norsk kultur på alle områder.

Dei som vert hardast ramma er avisene. Dagsavisen og Klassekampen er antageleg dei som kanskje må stengja sjappa som resultat. Akkurat det passar vel Frp veldig bra, men det svekker demokratiet og sakleg journalistikk. Dei er viktige aviser som tek opp aktuelle problem i samfunnet - uansett kva side avisa eventuelt held med. Før hadde me Ibsen, no har me frie, statsstøtta aviser.

Det er mogleg Frp ser på kultur som noko som ikkje er så viktig - der tek dei FEIL. Kultur er kanskje ikkje så voldsomt avgjerande for fysisk overleving, men det er, årsak uttrykket, jævla viktig for tilveret og psyken til mennesket. For ikkje å nemna at mykje kultur tek opp viktige spørsmål, altså er kultur og kunst utruleg viktig for politikken og opplysning, og ikkje minst; samfunnsutviklinga.

Norge har ei regjering som forstår dette, ei regjering som har bevilga mykje pengar til å ivareta og utvikla det norske kulturlivet. Det er fantastisk å sjå at så mange store kulturpersonar engasjerar seg mot dette overgrepet mot kulturen som Frp vil gjennomføra. Mange av desse kjendisane kjem til å klara seg godt sjølv om Frp vil kutta mykje statsstøtte til kultur, men dei veit godt kor viktig statsstøtta har vore for dei, deira vener, publikum og alle andre. I motsetning til Frp har dei innsikt, dette burde Frp verkeleg ta inn over seg. Heile det norske folk tener på eit rikt og mangfoldig kulturliv - til og med Frp-arar.


Og for dei som vil følgja Kulturkampen på kloss hald, anbefalar eg å ta ein kikk på nettsidene deira: Kulturkampen

måndag 10. august 2009

LO sine marionetter


Det fyrste som møtte mine øyrer i dag var, utanom den horrible vekkjarklokka på mobilen, Nrk sine sjokkerande nyhende om at LO har kosta regjeringa 10 milliardar. På grunn av LO sitt nære samarbeid med den raudgrøne regjeringa, så har regjeringa måtte punge ut til det beste for arbeidarane. LO kan nok ein gong hengja fleire sigrar på julatreet, noko dei forsåvidt har gjort i over eitthundre år no.

Men det er klart at ikkje alle kan ha fått med seg dette historiske samarbeidet mellom Arbeiderpartiet/venstresida og fagforeiningane. Erna Solberg står fram som eit glimrande eksempel og gjer det temmeleg enkelt for meg å slenge hennar kritikk right back at her. Ho meinar det er problematisk at LO og regjeringa samarbeidar så tett, og at arbeidarrørsla styrar regjeringa som ei marionette så dei viktige sakene må vika for AFP, større framtidsretta satsing på lærlingar, unngå sosial dumping, la arbeidsgjevarane sleppa å betala meir ved sjukefråver og satsing på 6-timarsdagen. Det er klart at Solberg kanskje ser skattelette som ei viktigare sak enn at lærlingar skal få ein lærlingplass når dei skal ut i lære. Derfor finn eg dette sitatet av Erna merkverdig:

«Hvis folk hadde vært klar over at man bruker 1 millard kroner på skattelettelser til fagforeningsorganiserte, tror jeg de ville stille spørsmål om det er riktig prioritering.»

Her får du skattelettelse for normale slitarar i tillegg til at fagforeininga sikrar deg den lønna og dei rettane du har som arbeidar. Eg vil tru at det går ann å definera det som gode og viktige saker som LO har klart å arbeida fram saman med regjeringa. Til og med høgresida kan vel vera einige der?

Eg må òg stussa litt over at Høgre går så hardt ut mot dei raudgrøne og LO, eg vil vel kalla det å kasta stein i glashus for å bruka eit godt norsk uttrykk. For Høgre har vel alltid hatt eit rimeleg godt forhold til NHO og andre arbeidsgjevarorganisasjonar opp gjennom tida, og er vel kjend som partiet for kvittsnippar og dei med litt ekstra i lommeboka. Då kan ein vel seie at Høgre er i lomma på dei rike, og gjer alt til rettes for at dei som sit på toppen i samfunnet og har det best skal få det enda betre og ikkje bidra til samfunnet og arbeidarane som tross alt har jobba for dei og gjort dei rike?

Poenget er i alle fall at LO er ein viktig aktør i norsk politikk og fremmar saker for vanlege folk i arbeidslivet. Dei sakene som LO pressar gjennom gagnar dei aller fleste. LO og fagforeiningar har skapt velferdsstaten og sosialsystemet vårt som er eit av dei beste i verda. Arbeidsforeininga kom inn på Stortinget via å stifta Arbeiderpartiet. Arbeidarane trong, og treng framleis, ei røyst som kan kjempa deira rettar fram og skapa eit betre samfunn.

Så kjære Erna, er det underlegt at regjeringa utfører mykje LO sine ynskjer når det gagnar flest vanlege menneske og gjer kvardagen til arbeidarar lettare? Det er ei av dei viktigaste sakene i samfunnet som gjer ufatteleg store ringverknadar.

Men det er klart; me har sjølvsagt mykje andre viktige saker å ta tak i ute i det norske samfunnet, så det er berre å ta hanskane fatt! Heile folket i arbeid!

søndag 26. juli 2009

Kan nokon bistå med litt bistandinfo?


Kapteinen, motorpassaren og guiden stod oppe på brua og diskuterte norsk politikk. Samtalen gjekk frå miljøvennleg energi via frynsegodene og sløsinga til stortingsrepresentantar, til norsk bistand til u-land. Dei klødde seg litt i hovudet og lurte på kva som eigentleg var vitsen med bistanden; den ser jo ikkje ut til å hjelpa dei som skal ha han.

- Den går jo rett i lomma på de som er styrtrike fra før av, hjelper ikke de fattige som treng'rn, uttala kapteinen.
- Nei, det er jo ingen som veit kor han vert av eller kva den hjelper til, samtykka motorpassaren.
- Eg trur den der bistanden er berre tull, dei gjer det på feil måte, seier den naive guiden.

Så spørsmålet er jo kor i all verda bistandspengane vert av, dei vert ikkje brukt til å byggja infrastruktur og skular i vert fall. Vegane, jernbanane og liknande er jo frå kolonitida, omtrent ingenting er bygd i ettertid. Nesten all infrastruktur tener framleis den vestlege verda; frå råvarene til fabrikkane, til butikken og til kapitalistiane si lommebok.

Eit godt bevis på manglande oversikt over bistandspenane er jo den haltande rapporten til Norad. "Nei, vi veit no ikkje heilt kva som skjer, men me antek at den fungerar".

Ein kan senda ned traktorar, men det fungerar fint lite om dei går tom for motorolje og diesel. Då spenner dei oksen foran igjen og drar lika godt heile traktoren med plogen bak. Ein kan visa dei korleis ein sår korn og senda haugavis med frø ned der, men ein kjem ikkje lengre enn fyrsta året om ein ikkje lærer dei å dyrka bærekraftig i lengre tid.

Eg ser for meg ei betydeleg betre løysing på bistand enn det som vert praktisert i dag. Kva med å senda ned proskjektgrupper til u-landa, sysselsetja arbeidarar der nede og til dømes byggja sjukehus og skular. Etterpå kan ein ansetta og gje opplæring til folket der nede på ymse institusjonar. Byggja nytt jernbanenett og oppgradera bussar, alt inkludert opplæring. Stikkordet her er opplæring. Opplysing og kunnskap er tingen, om folket der nede må gå den lange vegen med omtrent å finna opp alt på nytt så må det gjerast for å gje dei forståing og kunnskap nok til å stå på eigne bein. Å senda eit par millionar rett i henda på styresmaktene er som å gje ein unge 500 kr og be han om å kjøpa ei historiebok og ikkje godteri.

Kunnskap er makt, og det er kunnskap og utdanning dei treng der nede. Eg er sikkert på at Noreg kunne brukt bistandspengane på ein meir fornuftig måte enn kva dei gjer no. Det eineste ein veit om bistanden no er kor mykje me sender ut av landet. Om nokon set på meir opplysningar er me tre stykk som gjerne skulle visst meir, for akkurat no er me av den oppfatning at bistandspengane går seg vill i Sahara-ørkenen.

Snufs, snufs

Uff, eg var så snufsen då eg vakna i morges. Kjende eg var tett frå naso og opp i skolten. Forferdeleg keisamt. Eg byrjar vel ikkje å bli sjuke? Det hadde vore utruleg dårleg timing. Det hadde vore toppen av alt, å bli sjuk når eg skal på fri. Men tenk om eg faktisk har fått ein alvorleg sjukdom... Å nei, tenk om eg har fått svineinfluensa!

Det kan ikkje vera mogleg, eg kan ikkje få den, eg kan ikkje døy no! Eg er jo altfor ung, eg har så mykje igjen å leva for. Tenk på alt eg ikkje får oppleva; hoppa i fallskjerm, gå på universitet, segla med Statsraad Lehmkuul, eg har ikkje eingong vore utforbi Europa! Dette er enden. Eg kjenner det svartar. Og har eg ikkje vondt i magen òg? Jo, faktisk veldig vondt. Det kan jo berre vera hamburgaren eg åt tidlegare. Men den burgaren var jo laga på kebaben i Rosendal, ikkje den mest innbydande plassen å eta på. Og han som eig sjappa er jo frå utlandet. Antakeleg midtausten. Han er sikkert terrorist og har smitta meg med svineinfluensa gjennom burgeren!

Korleis skal dette gå? Eg er fanga på ein båt som nett no befinn seg i Vatlestraumen, ikkje sjangs å gå til lege på lenge. Og ikkje gjekk eg på den om fugleinfluensa for eit par år sidan, så tamifluid har eg gløymd å hamstra. Det er jo så mange som har vorte smitta i Noreg no at det er sikkert ikkje noko igjen til meg. Og eg las i ei avis i dag at det var ei svensk gravid dama som held på å døy av svineinfluensa i dag enno ho låg på sjukehus. Det finns ikkje håp for meg! Dette vert mine siste ord eg skriv, den siste dokumentasjonen om mi tankeverksemd, min eksistens. Og eg som ikkje har skriven testamente ein gong. Ikkje kan eg verta donor heller sidan eg har eit frykteleg virus i meg. Eg skulle jo gjera verda til ein betre stad, gleda folk med mi felespeling, undervisa folk i historie og musikk, hjelpa gamle damer over gata, lesa ferdig "Hitchikers guide to the Galaxy". Dette var ikkje bra, ikkje bra i det heile tatt...

Kjære Gud; viss du eksistere så beklage eg alt dritet eg har snakka om deg i løpet av livet mitt, det var ikkje med vilja, eg var villråden og visste ikkje betre. Kan du tilgje meg for alt vondt eg har gjort mot andre? Eg ber om tilgjevnad! Ta meg til deg, eg kan sjå dine englar i lyset framfor meg. Og kunne eg fått ei øl når eg ankommer Himmelen AS?

Nei, no vart eg plutseleg ikkje så dårleg i magen. Nasa løsna litt òg. Kanskje det berre var pollenallergi og litt mykje kaffidrikking? Og han karen som driv kebaben i Rosendal er jo ein koseleg kar, han ville aldri dreve med terror, han er altfor snill til det. Nei, det var nok berre mediahysteriet som løpte løpsk med meg.

Eg trur det er på sin plass å feira med ein røyk at eg kjem til å leva litt lengre.